IF-ansatte på Podcast-kurs

Kursdeltagere i ivrig konsentrasjon (Foto: Kjersti Fløttum)

Ian Cook og Dumitrita Holdis har kursa IF-tilsette i å laga podkastar. I ei halvdagssamling på tampen av året fekk dei frammøtte undervisning om podkastar som formidling, ei enkel innføring i det tekniske utstyret som skal til og – ikkje minst – praktisk erfaring med å planleggja og redigera podkastar.

Mange tilsette ved Institutt for framandspråk har allereie erfaring med å laga podkastar, dvs. enkle radioprogram som kan lastast ned og spelast av. Instituttet har laga fleire forskingspodkastar, og no i desember kan ein kvar dag fram til julaftan opna nye lyd-luker i den uhøgtidelege adventskalendere til instituttet.

Podkastar frå IF: https://fremmedspraak.podbean.com/

AKU