Lærebok i arameisk minoritetsspråk – språkkurs på A1 og A2-nivå

Šlomo Surayt

 

Ferdig lærebok i arameisk minoritetsspråk

Kursdelen av prosjektet Aramaic Online Project (AOP) er no komen i bokform. Šlomo Surayt er eit språkkurs på A1- og A2-nivå i det arameiske språket surayt, og boka er komen i ei tysk og ei engelsk utgåve (437 sider). Sjølve kurset finst òg gratis tilgjengeleg på nettet, og på sju ulike språk: arabisk, engelsk, fransk, nederlandsk, svensk, tyrkisk og tysk (www.surayt.com). Dei ulike språka speglar at mange av språkbrukarane har flytta frå det gamle kjerneområdet i Midtausten til ulike europeiske land.

Professor Shabo Talay har leia prosjektet, og språket surayt (turoyo) er vurdert som «severely endangered» – alvorleg truga – av FN-organisasjonen UNESCO. Talay var tidlegare tilsett ved Institutt for framandspråk i Bergen, og er no professor i semittiske språk ved Freie Universität i Berlin. Saman med universiteta i Bergen og Berlin, har tre andre institusjonar delteke i Aramaic Online-prosjektet: University of Cambridge, Universität Leipzig og det syrisk-ortodokse klosteret i Glane i Nederland.

 

Arve Kjell Uthaug